Søk:
Du har 0 vare i handlekurven
Totalsum: NOK 0

    av Nils-Egil Kjesæth. Denne boka er ei samling med nynorske dikt

    Denne boka er ei samling med nynorske dikt. Tidlegare har forfattaren gjeve ut  ”Med meg kan du alltid danse”  –  Licentia forlag 2015.

    Ramma er ein samtale mellom to kjærestar i sofakroken heime, der ho ein dag oppfordrar han til å lesa alle dikta han har skreve.  For å få litt lys inn i ei mørk årstid, som ho seier.

    Kvar kveld ei veke i november les han dikt om livet for henne.  

    Om godt liv og om ulendt liv.

    Om kjenslene som me feirar ein dag, - og som slit oss frå kvarandre den neste.

    Om temperament, kjærleik og forakt.

    Om frost, - og om varme frå ukjende som tinar det frosne.

     

    Ein stor del av dikta er humoristiske, men ikkje utan meining.

    Sjølvironi er eit kvitt flagg. Ei vidopen dør til eit landskap fritt for miner.

     Velkomen inn til lyset, om du tør.

    Kjenn varmen frå  sju dagar med dikt, -

    på det vakraste av alle språk.

    NOK 299.00